Christian Andreas Irgens () var ein norsk forretningsmann og politikar frå Bergen. Ole Irgens var bror hans.
Irgens var son til ein reipslagar i Bergen. Sjølv gjekk han realskule, og arbeidde så hos far sin til dess han tok over reipslagar-verksemda i 1860. I 1875 starta han opp Bergens tråd- og drevfabrikk, fire år seinare kjøpte han eit mylnebruk i Bjørsvik ved Osterfjorden, og dreiv sidan desse verksemdene.
Irgens var fyrste varamann til Stortinget for Bergen perioden 1874-76, og møtte frå 3. mai 1875 og heile 1876-sesjonen for Ivar Geelmuyden som var sjuk og døydde. På tinget hadde Irgens sete i kyrkjekomiteen. Irgens var elles medlem av Bergen bystyre i fleire år, ordførar i 1880 og 1881. For stortingsperioden 1895-97 vart han vald til fyrsterepresentant for Søndre Bergenhus amt, han budde då i Fana. I 1895 var han permittert frå Stortinget frå 1. juli, grunna forretningar, og møtte ikkje i det heile i 1896-sesjonen, då på grunn av sjukdom. Irgens møtte derimot heile 1897-sesjonen. År 1895 var han medlem av Stortinget sin sosialkomitee, i 1897 av næringskomite nr 1.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Hvem er hvem, 1912 Om mylna i Bjørsvik
Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Folk frå Bergen