Wilhelm Aldor Ingebriktsen () var ein norsk fiskar og Arbeidarparti-politikar frå Tromsøysund. Han var stortingsreprsentant frå 1922 til han døydde i 1952.
Aldor Ingebriktsen var son til ein fiskar og gardbrukar på garden Lyfjord på Kvaløya i dåverande Tromsøysund kommune. Han tok sjølv til som fiskar i 1901, og kjøpte fiskeskøyte i 1907. Inspirert av Alfred Eriksen var han aktiv i organiseringa av fiskarane. Frå 1916 var han formann i Nord-Norges fiskerforbund, ein posisjon han hadde til 1939. Samstundes tok han del i lokalpolitikken i Tromsøysund. Hausten 1921 vart Ingebriktsen vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet, og vart sidan attvald sju gongar. På Stortinget var han ein iherdig talsmann for nordnorske interesser, frå 1945 til -50 som formann medlem av post-, telegraf- og kystfartkomitéene. Sidan var ha medlem av samferdslekomiteen til han døydde hausten 1952. Ingebriktsen var fiskeriinspektør for Troms fylke frå 1939 til han døydde, med unnatak for ei tid under verdskrigen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aldor Ingebriktsen» frå , den 1. september 2013.
Litteratur Ivan Kristoffersen:Aldor : kystens og fiskernes høvedsmann Tiden Oslo 1993 ISBN 82-10-03680-7 Asbjørn Jaklin:Nordlendinger til tusen Bd 2 ISBN 82-91668-15-9
Bakgrunnsstoff biografi på Stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Tromsø