mini|«Gudfedrene» i 70-tals russisk rock: Boris Grebensjikov i musikkgruppa Akvarium (Leningrad) mini|Andrej Makarevitsj frå Masjina Vremeni (Moskva) Russisk rock er ei form for russisk musikk som kom til i 1960-åra då rock and roll vart kjend i Sovjetunionen og raskt braut bort frå dei vestlege røtene. I følgje mange musikkjournalistar var «gullalderen» i 1980-åra, særleg i perestrojka-tida, då sovjetiske undergrunnsband kunne gje ut platene sine offisielt. Dei fleste musikkgruppene syng på russisk.
Historie
Tidleg i 1960-åra: Lokal bard-musikk og dei første vestlege impulsane Før slutten av 60-åra var musikken i Sovjetunionen delt inn i to grupper: Musikk publisert av det statlege plateselskapet Melodija, og alt anna.History of Rock Music in Russia :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre I denne andre gruppa fann ein bardane, visesongarar i undergrunnen.
Bardar som Vladimir VysotskijВладимир Высоцкий (Vladimir Vysotskij ) og Bulat OkudzjavaБулат Окуджава (Bulat Okudzhava): Russian modern:bards vart av dei mange artistanr som skapte ein stil som vart kalla «forfattarsongar» (авторская песня), hovudsakleg spelt med akustisk gitar og sterk vekt på tekstar som stundom bar ei nedbrytande meining. Musikken vart ofte undertrykt av styresmaktene, men var likevel særs populær, og Vysotskij vart ein særs populær film- og teaterskodespelar og var til tider eit ikon.
Samstundes vart noko vestleg musikk anten smugla over grensa eller gjeven ut av Melodija som ein del av det som i røynda var ei statleg piratkopiering, med The Beatles i ein viktig posisjon i sovjetisk populærkultur, medan artistar som The Rolling Stones og Deep Purple var med på å gje eit noko forvridd bilete på vestleg musikk.Рок-Музыка В России Dei første rockebanda i Sovjetunionen dukka opp i tidleg i 60-åra i Moskva, og dei var kraftig inspirert av The Beatles.
Seint i 1960-åra og 1970-åra: Dei første teikna
Fleire band vart populære trass i restriksjonar frå styresmaktene. Dette heldt fram inn i 1980-åra, då band vart fekk noko suksess, men vart hindra av statlege reguleringar som ikkje tillet banda å spele inn musikk offisielt, og plasserte restriksjonar på kva tekstane kunne handle om.
Gitar-drivne band utvikla seg på denne tida, som Leningrad-baserte Pojusjtsjie Gitary ('dei syngande gitarane') og kviterussiske Pesnjarij. Desse banda starta VIA-rørsla (Вокально-Инструментальный Ансамбль Vokalno-Instrumentalnyj ansambl) og andre følgde, som Tsvety, Golubije Gitary og Sinjaja Ptitsa. Samstundes starta Masjina Vremeni i Moskva og Akvarium i Leningrad som amatørband som raskt vart populære, og heldt undergrunnskonsertar.
Tidleg i 1970-åra fann Jurij Morozov opp ei form av russisk psykedelisk rock, med element av progressiv rock og russisk folkemusikk. Stilen hans påverka DDT, Akvarium, Tsjizj & Co, og mange andre, medan han arbeidde med dei som lydteknikar.
Andre kjende artistar som starta i denne tida var Aleksander Gradskij, som blanda bard-musikk med rock. Det var ingen protestar mot det sovjetiske styret i tekstane han song, så han klarte å få ut plater via Melodija og millionar av dei vart selde over heile landet.
1980-åra: «Klassisk» russisk rock
I undergrunnsmiljøet i 1980-åra dukka det opp rockeartistar som baserte stilen sin på ei blanding av vestleg rockemusikk (særleg rock frå 1960- og 1970-åra, men òg i aukande grad vestleg punkrock og New wave) og den russiske bard-tradisjonen. Band som Alisa, Agata Kristi, Autograf, Kino, Masjina Vremeni, Nautilus Pompilius, Akvarium, Krematorij, Grazjdanskaja Oborona, Voskresenije, Secret, Piknik og DDT var viktige i utviklinga av sjangeren, og påverka vidare artistar med stilen sin.
Russisk rock vart òg påverka av den russiske kunstgruppa Mitki og vestlege hippiar.
I 1980 vart det halde ein stor rockefestival i Tbilisi i Georgisk SSR, kalla Vårrytmar. Tbilisi-80. Nesten alle artistane og prisvinnarane på festivalen var rockegrupper frå Russisk SFSR. Det var den første offisielle rockefestivalen i Sovjetunionen.
Tekstane til dei sovjetiske rockebanda handla ofte om dei mørke sidene ved livet i Sovjetunionen i 1980-åra, som vald i heimen, alkoholisme (ein berykta song av Nautilus Pompilius inneheld linjene «Alain Delon drikk ein dobbel bourbon/Alain Delon drikk ikkje eau de cologne» som ein sarkatisk kontrast til den alkoholiserte faren skildra i songen og skuldinga om røyndomsflukts-haldninga til statleg styrte medium) og kriminalitet, ofte med ein skjult politisk bodskap.
Sovjetiske rockeband vart ignorert av dei store radiokanalane og fjernsyn, og nådde ofte berre publikum via rykte. Melodija hadde monopol på musikkutgjevingar i Sovjetunionen og hadde ei streng linje mot å gje ut vanleg rockemusikk eller undergrunnsartistar. Somme av artistane (Jurij Sjevtsjuk,Kort biografi om Jurij Sjevtsjuk (på russisk) Jegor LetovHistoria til Gradzjdanskaja Oborona (på russisk), «Музыкальная Газета», Minsk, 1998 og mange andre) hadde til og med problem med KGB på grunn av dei offentlege aktivitetane sine. Tidleg i 1980-åra byrja sovjetiske styresmakter å utøve hardt press mot amatørband. Undergrunnskonsertar vart bannlyste som ein slags ulovleg kommersiell aktivitet, medan somme arrangørar og lydteknikarar vart fengsla for å ha tent pengar på undergrunnskonsertar. Samstundes vart det oppretta fleire rockeklubbar som tillet amatørband å halde lovlege konsertar.
Mange av banda frå 1980-åra er framleis aktive og populære blant russisk ungdom. Omgrepet russisk rock vert ofte nytta om den særeigne stilen til desse banda.History of Rock Music in Russia :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre
Forskjellige musikkmiljø mini|Aria, russisk heavy metal-band Tidleg og på midten av 1980-talet vart det oppretta fleire rockeklubbar i Moskva, Leningrad (i dag St. Petersburg) Sverdlovsk (no Jekaterinburg). Desse tre byane hadde sine eigne rockemiljø og samarbeid mellom artistane var vanleg.
Leningrad Rock Club var truleg den største staden,History of Rock Music in Russia :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre med «klassisk russisk rock» av Akvarium,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Kino,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Zoopark, Piknik,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre AlisaThe legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre og DDT.The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Det omfatta òg den veksande russiske kunstrockrørsla med band som Auktyon.
Band frå Sverdlovsk, som Nautilus Pompilius,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Tsjaif,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre og Agata Kristi, produserte meir melodisk musikk ved hjelp av klaverinstrument og synthesizerar.
Rockeband frå Moskva, som Aria,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Masjina Vremeni,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Voskresenije, Center, KrematorijThe legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre og Zvuki Mu, vart heller forskjellige frå kvarandre og stundom meir diskret.History of Rock Music in Russia :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre
Det sibirske rockemiljøet byrja seint i 1980-åra med låtskrivarar som Jegor Letov (Gradzjdanskaja Oborona,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Omsk), Kalinov most, Aleksander Basjlatsjov og Janka Djagileva. Musikken varierte frå enkel lo-fi punk til indie-rock (stundom akustisk), og kjernen i songane var teksten. Mange album vart gjeve ut banda av sjølv og distribuert til fansen via byting, så offisielt gjeve ut år seinare. Tekstane var ofte obsøkne og musikarane hadde store problem med dei sovjetiske styresmaktene og KGB. Kjende artistar som ikkje høyrte til dei tre rockeklubbane, men som var særs populære var Secret.
På denne tida vart det russiske Heavy metal-miljøet skapt takka vere band som Aria,The legends of Russian Rock Music :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre Tsjornyj Kofe og Master (danna av tidlegare medlemmar av Aria).History of Rock Music in Russia :: Music :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre
Glam metal-bandet Gorky Park vart populære i vesten og vart til og med vist på MTV.
Den unike stilen til russisk punk vert rekna for å vere mest idealisert av Gradzjdanskaja Oborona og Jegor Letov sine prosjekt. Musikken blandar vestleg punk med tradisjonell russisk musikk, grumsete produksjon og ekstremt politisk ladde tekstar.
Frå undergrunnen til massane
Seint i 1980-åra fekk mange sojvetiske rockeband gjennombrotet sitt for det store publikum. Politiske og samfunnsmessige endringar i landet var særs viktige for denne prosessen.
Det var framleis sensur, men det var ikkje så strengt som i 1970- og tidleg i 1980-åra. Det tok år før dei første sovjetiske rockebanda fekk vise seg i media, turnere store konserthallar i Sovjetionen eller gje ut albuma sine offisielt.
Situasjonen kring rockemusikken endra seg under perestroika. Mange russiske band fekk lov å turnere og spele inn musikk i Europa og USA for første gong. Som følgje av dette var situasjonen i 1989-1991 ein heilt annan enn han hadde vore i 1985. Moscow Music Peace Festival med vestlege rockestjerner vart halden i Moskva, Gorbatsjov tok imot Scorpions i Kreml,Old-time rock 'n' roll/ The Scorpions are sweeping across America og Brian Eno produserte eit album av Zvuki Mu og Dave Stewart (frå Eurythmics) produserte Radio Silence av Boris Grebensjtsjikov for den vestlege verda.
Etter initiativ frå Joanna Stingray vart samleplata Red Wave gjeve ut i USA i 1986. Dette var eit dobbelt album med ei side kvar til fire band frå Leningrad: Akvarium, Kino, Alisa og Strannje Igry. Samlinga var den første offisielle russiske utgjevinga i vesten.
Stingray sendte kopiar av plata til Ronald Reagan og Gorbatsjov med eit notat om at musikarane alt gjorde det musikarane ikkje klarte å få til diplomatisk.
Melodija svarte med ei offisiell utgjeving av ei Akvarium-plate for å skape ein illusjon av at bandet òg vart distribuert i heile Sovjetunionen.Aqaurium Guide, 1986/06/27, "Red Wave" (på russisk)
Ein annan viktig bidragsytar til gjennombrotet for russisk rock i 1980-åra var fjernsyn og film. Nye musikalske fjernsynsshow, som Muzykalnyj Ring (Музыкальный ринг) og Programma A (Программа "А"), inviterte nasjonale rockeartistar til intervju og framføringar på TV. Fleire populære filmar vart skapte på andre halvdel av 1980-åra med russiske rockemusikarar som skodespelarar: Igla og Assa med Viktor Tsoi og musikk av Akvarium, Taxi Blues med Pjotr Mamonov. Den kanadiske filmskaparen Peter Vronsky reiste til Moskva og Leningrad i februar 1988 for å filme ein rekkje musikkvideoar med Televizor, Akvarium, Nebo i Zemlja, Zvuki Mu og andre band, knytt i lag i ein dokumentarfilm kalla Russian Rock Underground som førte russisk rock til Canada og Italia for første gong.
1990-åra: Tida etter Sovjetunionen
Byrjinga av 1990-åra vert rekna som slutten på den «klassiske» russiske rockeperioden. To hendingar som markerer slutten er dødsfallet til Viktor Tsoi i 1990, og oppløysinga av Sovjetunionen i 1991. Den russiske rockestilen levde likevel vidare og nye russiske rockestilar i 1990-åra var basert på den klassiske stilen. I 1996 starta plateselskapet Moroz å gje ut ein særs populær serie kalla Legends of Russian Rock.
I midten av 1990-åra vart radiostasjonen Nasje Radio skapt for å fremje russiske rockeartistar, og sendte i alle dei store russiske byane. Nasje Radio var med på å forme smaken til publikum og gjorde mange artistar populære. Radiostasjonen grunnla Nasjestvije, ein stor utandørs rockefestival med russisk rock som er halde kvart år sidan 1999 og alltid har med dei mest kjende artistane.