Sauda kyrkje er ei langkyrkje frå 1866 i Sauda kommune i Rogaland fylke. Byggverket er i tømmer og har 350 sitjeplassar. Kyrkja er reist etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.Sauda kyrkje frå Kyrkjesøk/Kyrkjebyggdatabasen Ho vart vigsla av sokneprest P. R. Hoffgaard på vegner av biskop Jacob von der Lippe 26. september 1866.Sauda kirke frå Den norske kyrkja - Sauda kirkelige fellesråd
Da kyrkja blei innvia hadde ho ikkje spir og inventaret var enkelt. Kyrkja fekk spir i 1921 og tilbygga ved inngangen har komme til på eit seinare tidspunkt.
Dagens altartavle har motivet Jesus i Getsemane, er måla av Samuel Tveit og avduka i 1919.Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon side 415, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-75-27022-7Preikestolen er i tre og frå 1866, døypefonten frå 1952. Kyrkja fekk nytt orgel i 2002.
Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sauda kirke frå Wikipedia på bokmål 10. august 2013
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Sauda Kategori:Kyrkjer i Ryfylke prosti Kategori:Bygningar teikna av Hans Linstow Kategori:Kulturminne i Sauda Kategori:Norske kyrkjer frå 1866