Aldo Ceccato () er ein italiensk dirigent og musikkpedagog.

Ceccato var kunstnarisk leiar for Detroit symfoniorkester 1973-1977 og for Hamburgs filharmoniske orkester frå 1974-1982. I 1978 vart han utnemnd til professor i dirigering ved musikkhøgskulen i Hamburg. Frå 1985-1990 var han dirigent for Bergen Filharmoniske Orkester, før han dirigerte Slovakias filharmoniske orkester 1990-1991. Frå 1991-1994 var han sjefdirigent for det spanske nasjonalorkesteret og frå 1995-2002 for tsjekkiske Brno filharmoniske orkester. I 2002 vart han musikksjef ved Arena di Verona.

Kjelder

, henta inn 09.08.13. Engelsk Wikipedia om Aldo Ceccato, henta inn 09.08.13.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettside for Aldo Ceccato

Kategori:Italienske dirigentar Kategori:Folk frå Milano