Enebakk kyrkje er ei langkyrkje i Enebakk kommune i Akershus fylke.

Denne steinkyrkja er frå mellomalderen, kanskje frå 1104 (900-årsjubileum vart feira i 2004). Ho vart vigsla den 12. mars og var i si tid vigd til den heilage Botolv. Kyrkja fekk vesttårn ca. 1300. Under ei omfattande vøling tidleg på 1500-talet vart delar av tårnet rive og tårnfoten lagt under tak. Oppå dette vart det oppført ein takryttar. Han vart fornya i 1622 og restaurert i 2009–10.

Trass i dette og nokre andre endringar er kyrkja framleis mykje prega av seinmellomalderen. Ho har òg ein god del gamalt inventar, om enn frå etter reformasjonen. Mellom anna er kyrkja kjent for å ha dei eldste kyrkjebenkene i Noreg som framleis er i vanleg bruk (frå 1634).

Bakgrunnsstoff

Sigrid og Håkon Christie: Enebakk kirke i «Norges kirker» Kyrkjesøk om kyrkja Kunsthistorie.com om kyrkja Enebakk kyrkjelege fellesråd om kyrkja

Fotnotar

Kategori:Kyrkjer i Enebakk Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Nordre Follo prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Kulturminne i Enebakk Kategori:Tusenårsstader Kategori:Freda bygg i Akershus