For kyrkja med same namn i Østerdalen, sjå Dalen kyrkje i Folldal

Dalen kyrkje er ei langkyrkje i Lillestrøm kommune i Akershus fylke.

Før 1990-talet vart bygget kalla kapell. Det vart teikna av Gudmund Hoel, som vi elles kjenner best som mangeårig leiar av NSBs arkitektkontor. Kyrkja var kvit frå femtiårsjubileet og til ho vart utvida med eit tilbygg og måla i dei opphavlege fargane før hundreårsjubileet.

På altaret står ein kopi av Bertel Thorvaldsen sin berømte kristusstatue. På veggen over alteret er eit glasmåleri av Kristoffer Eriksen Ganer.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Dalen kapell i «Norges kirker»

Kyrkjesøk – Dalen kirke, Gansdalen

mini|venstre|Mellom 1955 og 2005 var kyrkja kvit.

Kategori:Kyrkjer i Lillestrøm Kategori:Kulturminne i Lillestrøm Kategori:Norske kyrkjer frå 1905 Kategori:Kyrkjer i Østre Romerike prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme