Løken kyrkje er ei langkyrkje frå 1883 i Aurskog-Høland kommune i Akershus fylke.

Kyrkja vart oppført av byggmeister Andreas Keitel på grunnlag av teikningar utarbeida av A.C. Furuholmen (og korrigert av Jacob Wilhelm Nordan). Dette er den tredje kyrkja på Løken. Dei to førre stod litt lenger sørvest.

Altertavla er frå 1738, og er frå ei eldre kyrkje. Ho blei truleg skoren ut av Torsten Hoff, og syner nattverden, med krossfestinga i toppfeltet. Døypefonten og preikestolen er frå renessansen. Mykje av inventaret elles er frå då kyrkja blei bygd i 1883.

Orgelet er laga av August Nielsen i 1884, og blei bygga om av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk i 1965.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Løken kirke i «Norges kirker»

Kategori:Kyrkjer i Aurskog-Høland Kategori:Kulturminne i Aurskog-Høland Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:1883 i Noreg Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme