Ørje kyrkje (tidlegare Ørje kapell) er ei arbeidskyrkje i Marker kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart utvida i 1980–81, og kyrkjesalen vart pussa opp også i 1996. Det er foldedører mellom kyrkjesalen og salen ved sida av, slik at det er mogleg å utvide kapasiteten når det trengst.

Det er ikkje kyrkjegard ved Ørje kyrkje. Øymark kyrkjegard vert nytta ved gravleggingar.

Referansar

Bakgrunnsstoff «Ørje kirke gjennom 75 år 1931–2007» (PDF hos Marker kyrkjelege fellesråd) «Historikk for Ørje kirke» (Marker kyrkjelege fellesråd)

Kyrkjesøk – Ørje kirke

Kategori:Kyrkjer i Marker Kategori:Kulturminne i Marker Kategori:Kyrkjer i Østre Borgesyssel prosti Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Norske kyrkjer frå 1931