Moksja (russisk Мо́кша) er ei elv i Penza oblast, republikken Mordovia og Rjazan oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå høgre. Elva er 656 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Moksja spring ut på 240 moh. i dei nordvestlege delane av Volgaplatået, rundt 35 km vest for byen Penza, ved . Ho renn så nord-nordvestover gjennom åslandskapet på Volgaplatået. I den nedre delen ho over Oka-Don-sletta, og munnar til slutt ut i Oka på 79 moh., 30 km søraust for Kasimov, ved . Ved munningen er elva rundt 100 meter brei og tre meter djup, med ein straumstyrke på 0,2 m/s.

Moksja frys til i månadsskiftet november/desember og er isdekt til i april. Middelvassføringa målt 72 km overfor munningen er 95 m³/s (minimum om vinteren 8,5 m³/s, maksimum under vårløysinga i april 2360 m³/s). I dei nedre delane er vårflaumen størst i mai.

Dei største sideelvene er Isa, Sivin, Satis og Jermisj frå høgre, Atmis, Vad og Tsna frå venstre. Sistnemnde er lengre enn Moksja, og dermed den største sideelva med god margin.

Av byar langs Moksja finn ein Kovylkino, Krasnoslobodsk og Temnikov

Den nedre delen av Moksja er seglbar til Kadom, 120 km frå samløpet med Oka, men ho har ikkje hatt regulær trafikk sidan midten på 1990-talet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Moksja» frå , den 30. oktober 2008. oppgav desse kjeldene: Store sovjetiske leksikon

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Mordovia Kategori:Elvar i Penza oblast Kategori:Elvar i Rjazan oblast