Versemål eller metrikk (av gresk for 'mål') er eit omgrep innan verselære. Metrikk viser til rytmen og rimmønsteret til ei verselinje eller eit dikt.

Rytme

I norsk og andre germanske språk går det viktigaste skiljet i språkleg rytme mellom betonte og ubetonte stavingar, etter såkalla aksentuerande prinsipp. Nokre stavingar har trykk, andre er trykklette. I eit dikt med eit fast rytmeskjema ser ein då på den regelmessige vekslinga mellom trykktunge og trykklette stavingar. I gammalgresk er det meir fruktbart å skilja mellom korte og lange stavingar, og i antikk metrikk hadde ein derfor eit tilsvarande system, men etter eit kvantifiserande prinsipp. I romanske språk er skilket mellom trykktung og trykklett underordna; i staden teller ein stavingar i kvar linje, og versa er syllabiske.

Frå gresk verselære kjem eit skilje mellom fleire ulike verseføter og nemningane deira (X = trykktung, x = trykklett): troké: Xx (vite) ditroké: XxXx (overvinne) jambe: xX (papir) dijambe: xXxX (latinkvarter) spondé: XX (påfugl) daktyl (daktylos): Xxx (hendene) anapest: xxX (appelsin) peon: Xxxx (avbetaling) amfibrakk: xXx (isteden) bakkier: XXx (stilsikker) korjambe: XxxX: (underforstått) versus adonius: XxxXx (kjærlighetsbrevet)

Rim Ein skil mellom enderim, midtrim, innrim og startrim. Eit enderim kan vera:

Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste nøgne ø; - han gjorde visst intet menneske mén hverken på land eller sjø; (Frå «Terje Vigen» av Ibsen)

Enderima her er en-mén og ø-sjø.

Midtrim kan vera: Han fant dens eier og vant en seier

Her er vant og fant midtrim.

Kjederim er når rima er fordelte nedover i diktet, men ikkje som ei rekkje av midtrim eller enderim. TIl dømes:

Han løp så fort, forbi det hele. Ikke dvele, natten kommer i en sommer som svant bort.

Her er rekkja hele-dvele-kommer-sommer, og kjeda er avslutta med bort-fort.

Dessutan finst stavrim, halvrim, assonans og bokstavrim eller alliterasjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Metrikk» frå , den 14. juli 2013. oppgav desse kjeldene: André Bjerke: Versekunsten, rytme og rim, Ascehoug 2000 (1. utgave 1980). Hallvard Lie: Norsk verslære, Universitetsforlaget 1967.

Bakgrunnsstoff Terje Vigen

Kategori:Verselære Kategori:Greske ord og uttyrkk