Holmes Hills er ei gruppe ryggar og nunatakar med ei høgd opp mot kring 1700 moh mellom Runcornbreen og Beaumontbreen, og grensar i sørvest til Brennecke Nunataks, sør i det sentrale Palmer Land i Antarktis. Dei vart kartlagde av US Geological Survey frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1966–69, og kartlagd av British Antarctic Survey i 1972–73. I samband med at fleire namn i området er kalla opp etter forskarar på kontinentaldrift, vart åsane namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1978 etter den skotske geolog Arthur Holmes, ein geologiprofessor ved Edinburgh University i 1943–56.

Kjelder

Kategori:Ryggar i Palmer Land Kategori:Nunatakar i Palmer Land