mini|MS «Tideadmiral» ved Strandkaien i Bergen MS «Tideadmiral» er ein katamaran, bygd i 2010 for Tide Sjø (seinare Norled). Systerskipet er MS «Tideekspress». Skipet går i rutene mellom Bergen og Sogndal, og Bergen og Selje.

Tidlegare gjekk Tideadmiral i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger.

MS «Tideadmiral» blei bygd ved Oma Båtbyggeri A/S på Stord og er bygg nr 529. Båten er bygd i aluminium og har ei lengd på 33 meter og er 11 meter brei. Passasjerkapasiteten er på 285 passasjerar.

Teknisk informasjon Byggjeår: 2010 Kallesignal: LFJJ Bygd av: Oma Båtbyggeri AS, Stord (byggjenummer 529) Brutto RT: 416 Netto RT: 142 Dødvekttonn: 50 Lengd: 32,5 meter Breidd: 11 meter Fart: 38 Knop Passasjerkapasitet: 285 Motor: 4 x MAN D2842 LE410 EDC

Historie 2010: 1. mars: Levert som «Tideadmiral» for Tide Sjø AS (Tide ASA), Bergen 2010: Fekk påmontert teleskoplandgang i akterenda. 2012: Vart noko ombygd ved Oma Slipp. Denne ombygginga omfatta påmontering av nye landgangar bak, ny landgang i baugen og montering av baugfenderar. 2012: Reiarlaget endra namn til Norled

Kjelder www.skipet.no / Per Alsaker www.norled.no (Reiarlaget) Oma.no (Verftet)

Bakgrunnsstoff Video av «Tideadmiral» på Vågen i Bergen.

Kategori:Skip frå 2010