høgre|mini|Lohengrin sjokolade, innpakka og utpakka. mini|Lohengrin hadde fyll av romkrem med mørk sjokolade utanpå. Lohengrin var eit norsk sjokoladeprodukt som blei selt frå 1911 til 2019. Han var laga av mørk sjokolade med eit fyll av romkrem.
Sjokoladen blei lagt fram for sal fyrste gong i Nationaltheatret i 1911, i samband med ei framsyning av Wagner-operaen Lohengrin. Sjokoladen blir laga av A/S Freia og fabrikken hadde dette året fått ein avtale om einesal av sjokolade i teateret. Han kom ikkje i sal i butikkane før eit par år etter.
Sjokoladen syner to stiliserte roser i jugendstil. Han blei formgjeven av arkitekten Henrik Bull, som òg hadde teikna Nationaltheatret. Utforminga blei seinare noko forenkla. Sjokoladen blei kåra til eit av kulturminna i samband med kulturminneåret 2009.
På byrjinga av 1970-talet bestemte Freia seg for å leggja ned produksjonen av Lohengrin, men etter store protestar blei produksjonen sett i gang igjen etter nokre få månader.
I februar 2019 bei salet av sjokoladen stoppa av den nye eigaren Mondelēz, mykje på grunn av låg etterspurnad. Produksjonen av Lohengrin blei avslutta allereie i oktober/november 2018.
Kjelder
Kraft Foods Denne artikkelen bygger på «Lohengrin sjokolade» frå , den 10. mars 2019.
Kategori:Norske sjokoladeprodukt Kategori:Tidlegare sjokoladeprodukt Kategori:Jugendstil Kategori:Skipingar i 1911 Kategori:Nedleggingar i 2019 Kategori:Freia