mini|Heilage Nikolai kyrkje i Oslo Heilage Nikolai kyrkjelyd er ein ortodoks kyrkjelyd med adresse i Oslo i Noreg.

Historie Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo. Kyrkjelyden vart formelt organisert i 1929. Kyrkjelyden har med åra fått ein meir pan-ortodoks karakter. Dei har gudstenester med liturgi på kyrkjeslavisk og norsk.

Organisering Kyrkjelyden har heile tida vore underlagt erkebiskopen for russiske kyrkjelydar i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er ein del av det økumeniske patriarkat i Konstantinopel.

Kyrkja har eit kloster i Hurdal, Hl. Trifon Skita, det einaste ortodokse klosteret i Noreg.

Kyrkjelyden har gudstenester i Hl. Nikolai kirke, Oslo Maria Bebudelses kapell, Bergen Hl. Elisabets kapell, Stavanger St .Georgs-kapellet, Neiden

Kyrkjelyden driv òg Johnsegardsakademiet, eit ortodokst, kristent informasjons- og aktivitetssenter i Sogn og Fjordane, drive innanfor ramma av Den ortodokse kyrkja i Noreg.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ortodoks kristendom i Noreg Kategori:Religiøse samfunn i Oslo