mini|Det indiske riksvåpenet.

Det indiske riksvåpenet er eit emblem som viser tre løver frå toppen av Asjoka-søyla i Sarnath. Løvene står på eit kapitel som viser ein galopperande hest til venstre, ein okse til høgre og eit dharmahjul i midten. Under står det skrive satyameva jayate, 'berre sanninga sigrar', med devanagariskrift (सत्यमेव जयते). Lov om bruk av Indias statsemblem 2005 , mha.nic.in

Utforminga av våpenet blei vedteke 26. januar 1950, same dagen som India blei erklært republikk.National Emblem of India, indiaonlinepages.com

Asjoka den store var ein mektig keisar som herska over store delar av noverande India, og som konverterte til buddhismen etter fleire blodige erobringar. Rundt 250 f.Kr. reiste han ei søyle for å markera staden der Gautama Buddha underviste om dharma for første gong.

Innskrifta nedst er ein del av riksvåpenet, og er det offisielle mottoet til India. Teksten er eit sitat frå siste del av Mundaka-upanisjad, ein heilag hindutekst.Ram Lingam, But what about the original Satyamev Jayate? , indiawest.com

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bilde av Asjoka-søyla i ulike utformingar, columbia.edu

Riksvåpen India India India India