Singularis eller eintal er eit grammatisk trekk i kategorien numerus. Det er det umarkerte trekket i kategorien, og viser typisk til eitt enkelt eksemplar. Substantiv, adjektiv, pronomen og i nokre høve verb kan ha eintalsformer. I dei fleste språk er motsatsen til eintal fleirtal, eller pluralis. I visse språk finst også særskilde ordformer for total (dualis) og tretal (trialis).

I tillegg til å uttrykke at ordet som står i singularis refererer til ein referent, kan det også uttrykkje generisk referanse. Setninga Bjørnen er eit pattedyr refererer til alle bjørnar, sjølv om substantivet står i singularis. I mange språk står også substantivet i singularis etter talord, dette gjeld t.d. alle tyrkiske og uralske språk. I tyrkisk tyder baş «hovud», başlar er fleirtalsforma, men «fem hovud» er beş baş i singularis, ikkje i pluralis.

Sjå òg Kollektiv bruk av eintal

Kjelder

Kategori:Grammatikk Kategori:Talet 1