Kjelsås Fotball (stifta 16. mars 1913) er eit bydelslag i Oslo, lokalisert i bydelen Nordre Aker.
Klubben spelar denne sesongen i og har spelt i 2. divisjon sidan nedrykket frå 1. divisjon i 2001.
Kjelsås spelar heimekampane sine på Grefsen stadion i Oslo, og hadde
Historie I 1998, etter å ha lege i toppen av 1. divisjon gjennom heile sesongen, spelte Kjelsås kvalifiseringskampar mot Kongsvinger Toppfotball, og etter uavgjort borte tapte Kjelsås heile 0-5 heime. På denne tida var klubben kjent for å nytte seg kraftig av fotballfilosofien til Egil «Drillo» Olsen. Kjelsås hadde fram til 2007-sesongen Stig Mathisen som trenar. Han gav seg etter 14 års teneste.
I 2007 var Jan Aksel Opsahl Odden hovudtrenaren. I 2008 var Stig Mathisen tilbake som hovudtrenar. Før 2010-sesongen tok Jan Aksel Opsahl Odden igjen over trenaransvaret for Kjelsås, denne gongen i tospann med Mathisen. Før sesongen 2012 tok assistenttrenar Eivind Kampen over hovudansvaret for A-laget.
11. mai 2011 opplevde bydelsklubben ein av dei største augneblinkane sine då dei slo eliteserielaget 2-1 i 2. runde av cupen etter scoringar av Martin Sandell og Jimi Akinyemi. Kjelsås var dermed sikra å vere beste Oslo-lag i Noregsmeisterskapen denne sesongen, sidan dei andre hovudstadslaga rauk ut i 2. runde. I 3. runde vart Kjelsås slått ut av eit anna eliteserielag, .
Tidlegare spelarar Kjelsås har dei siste åra hatt profilar som Julian Møller, Simen Stamsø Møller, Tom Nordheim, Endré Olav Osnes, Karim Aoudia, Kim André Hunstad, Martin Sandell, Babs Akinyemi, Viggo Anthonsen (lagt opp), Kristian Fagervik (lagt opp), Alexander Rein (lagt opp), Martin Hansen (lagt opp), Dag Halvorsen (lagt opp), Peter Sørensen (lagt opp), Rune Jarl (lagt opp), Steinar Brun (lagt opp).
Bakgrunnsstoff
Kategori:2. divisjon fotball for herrar Kategori:Fotballag frå Oslo Kategori:Fotballag skipa i 1913 Kategori:1913 i Noreg Kategori:Bydel Nordre Aker