Føyka stadion er eit fotballstadion i Asker som opna 1. juli 1950. Seinare vart det modernisert med fullverdig friidrettsanlegg og tribune (500 sete) og flaumlys og opna på ny 1. juni 1999. Stadionanlegget erstatta idrettsplassen frå 1923, som no er klubben sine grusbanar for 11-ar og 7-ar-fotball. Det var ein enkel løpebane rundt idrettsplassen. I 1965 opna klubbhuset, som seinare er påbygd tre gonger og i dag rommar administrasjonssenter for Asker Skiklubb og allianseklubbane Asker Fotball Kvinner og Asker Fotball Herrar. 14. desember 2004 opna klubben kunstgrasbane med undervarme. Anlegget har òg 1 kilometer lysløype og sandvolleyballbane. Stadionet vart tidlegare brukt som naturisbane om vinteren til skøyteløp fram til og med 1990/91-sesongen. Bana var arena for den skandinaviske ungdomslandskampen den 23.–24.2.1979.
Banerekordar +KvinnerDistanseLøparNasjonTidDato500 mElse Ragni YttredalNOR43,812.2.19911000 mElse Ragni YttredalNOR1.33,75.1.19851500 mElse Ragni YttredalNOR2.17,312.2.19913000 mBente MunkerudNOR5.17,227.1.1985 +MennDistanseLøparNasjonTidDato500 mArne Nicander NilsenNOR40,426.1.19851000 mJan BengtssonSWE1.23,624.2.19791500 mStåle NjåtunNOR2.06,59.1.19823000 mJan Tore AndersenNOR4.30,127.1.19855000 mNils Egil AasNOR7.40,527.1.1985
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Føyka stadion» frå , den 2. juni 2013. WSSSA
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fotballstadion i Akershus Kategori:Idrett i Asker Kategori:Asker Skiklubb Kategori:Tidlegare skeisearenaer i Noreg