Release ArenaNytt stadionnavn: Velkommen til Release Arena (tidlegare Komplett Arena, Komplett.no Arena og Sandefjord Arena) er heimebanen til Sandefjord Fotball. Han opna 21. juli 2007 med heimekamp mot Lyn. Stadionet erstatta Storstadion, som tidlegare var heimebanen til Sandefjord Fotball.

Første målscorar på Sandefjord Arena var Kari Arkivuo då han breisida ballen i mål frå 5 meter etter 18 minutt.

Stadionnamnet er leigd i 10 år av nettbutikken Komplett.no for 15 millionar kroner. Arenaen har ein publikumskapasitet på totalt 9 000, dei aller fleste under tak. Det er òg utvidingshøve på begge kortsidene som kan nyttast seinare for ytterlegare å auke kapasiteten til i alt 12 500.

Den foreløpige tilskodarrekorden på 8 103 var ved opningskampen mot Lyn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Komplett.no Arena» frå , den 29. mai 2013.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Live Web-kamera av Komplett.no Arena Sandefjord Fotballs offisielle nettside om Komplett.no Arena

Kategori:Sandefjord Fotball Kategori:Fotballstadion i Vestfold Kategori:Sandefjord kommune Kategori:Byggverk ferdigstilt i 2007