Jordstraum eller tellurisk straum er ein elektrisk straum som går gjennom jordskorpa eller gjennom sjøen. Jordstraum kjem både av naturlege årsaker og menneskeleg aktivitet, og den diskrete straumen vekselverkar i kompliserte mønster. Straumane er ekstremt lågfrekvente og flyttar seg over store område ved og like nær jordoverflata.
Han blir danna ved at elektrisk ladning forflyttar seg for å utjamne ulikt elektrisk potensial eller spenningsskilnader mellom ulike stader i jordskorpa. Slike spenningsskilnader vil òg drive straumar i lange tele-, data- og kraftlinjer, i røyrleidningar og andre elektrisk leiande samband. Den sterkaste delen av straumen er rein likestraum, men det finst òg vekselstraumskomponentar over eit breitt frekvensområde.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Telluric current» frå , den 28. mai 2013.
jordstrøm. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/jordstr%C3%B8m
Kategori:Geofysikk