mini|Straum forbi ei kule: Straumlinjer, friksjonskrafta Fd og tyngdekrafta Fg. Stokes-lova er eit uttrykk for den motstanden ei kule møte når ho rører seg gjennom ei væske, og straumen er laminær. George Gabriel Stokes utleidde uttrykket i 1851:Batchelor (1967), p. 233.

der: Fd er friksjonskrafta - kjend som Stokes-motstanden – som verkar på i grenseflata mellom væska og partikkelen (i N), μ er dynamisk viskositet (N s/m2), R er radiusen til kula (i m), og vs er sleppehastigheita til partikkelen (i m/s).

Om partiklane fell i den viskøse væska på grunn av si eiga vekt, då vil ein terminalfart, kjend som sleppehastigheita, nådd når denne friksjonskrafta kombinert med oppdrifta nøyaktig balanserer tyngdekrafta. Sleppehastigheita som oppstår er gjeven av:Lamb (1994), §337, p. 599.

der: vs er sleppehastigheita (m/s) (vertikalt nedoverretta om ρp > ρf, oppoverretta om ρp < ρf ), g er tyngdeakselerasjonen (m/s2), ρp er massetettleiken til partiklane (kg/m3), og ρf er massetettleiken til væska (kg/m3).

Stokes-lova nyttar seg av følgjande krav for korleis ein partikkel oppfører seg i væska: Laminærstraum Kuleforma partiklar Homogent (uniform samansetnad) stoff Glatt overflate Partiklane vekselverkar ikkje med kvarandre.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stokes' law» frå , den 26. mai 2013. oppgav desse kjeldene:

Originally published in 1879, the 6th extended edition appeared first in 1932.

Kategori:Væskedynamikk