Horsens Statsfængsel, tidlegare Horsens Tugthus og Horsens Straffeanstalt, opna i 1853, var eit fengsel i Horsens i Danmark som vart nedlagt i 2006. Då var det nye Statsfængslet Østjylland teke i bruk, og fangane vart flytta over dit. I dei seinaste åra hadde Horsens Statsfængsel vore brukt til fangar som sona lange fengselsstraffar. Fangane var i cellane berre om natta. Medan dei arbeidde i verkstaden på fengselet, og på kveldstid, fekk dei gå fritt ikring i dei ulike avdelingane.
Kulturinstitusjon Etter at fengselet var lagt ned, har det vorte omdanna til ein kulturinstitusjon med namnet FÆNGSLET, som mellom anna hyser Fængselsmuseet, ei avdeling under Horsens Museum, der dei autentiske fengeselslokala, supplert med lyd, bilete og gjenstandar, gjev ålmenta ei særeigen museumsoppleving. Den tidlegare luftegarden på fengselet, der dei innsette hadde fått frisk luft og mosjon, er omgjort til konsertarena med utandørskonsertar og andre tilstellingar i sommarhalvåret. Fleire av dei andre lokala, mellom anna nokre av verkstadene, forsamlingshuset og gymnastikksalen, vert leigd ut som møtelokale, konferanselokale, festlokale og så bortetter.
Eurovision Song Contest 2014 Etter at Danmark vann Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige kunne alle danske byane som ville arrangere Eurovision Song Contest 2014 melde seg på. Horsens Statsfængsel vart den femte som meldte seg på 23. mai 2014, men det er lite truleg at dei får arrangere Eurovision Song Contest av di konsertarenaen ligg utandørs.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Horsens Statsfængsel» frå , den 23. mai 2013.
Bakgrunnsstoff Internettsidene til kulturinstitusjonen FÆNGSLET. Horsens Museums internettsider om soga til fengselet.
Kategori:Fengsel i Danmark Kategori:Horsens kommune Kategori:Skipingar i 1853 Kategori:Nedleggingar i 2006 Kategori:1853 i Danmark Kategori:2006 i Danmark