mini|Lagoppstillingane til finalen i UEFA-cupen 2007 mellom Sevilla (raude) og Espanyol (blåkvite) i Glasgow
Sevilla Fútbol Club er ein fotballklubb i Sevilla i Andalusia i Spania. Klubben spelar i Primera Division, toppdivisjonen i Spania. Sevilla FC vart skipa 14. oktober 1905 og spela 1934/35-sesongen for fyrste gong på spansk toppnivå.
Sevilla gjekk til topps i UEFA-cupen både i 2006 og 2007. Klubben vann sitt einaste seriemeisterskap i 1946. Fem gongar har Sevilla vunne den spanske cupmeisterskapen, siste gongen i 2010.
Klubben spelar heimekampane på Estadio Ramón Sánchez Pizjuán i bydelen Nervión i Sevilla. Stadion har ein tribunekapasitet på 45 500. Laget spelar i kvite trøyer og bukser, og har ein sterk byrival i Real Betis.
Den norske målvakta Ørjan Nyland gjorde teneste i Sevilla FC 2023-26.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sevilla FC» frå , den 22. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Spanske fotballag Kategori:Sevilla Kategori:Skipingar i 1905