mini|Dyrøy kyrkje Håkon Adelstein Mosling () var ein norsk byggmeister og arkitekt som særleg arbeidd som kyrkjearkitekt.
Mosling budde fleire stader i Noreg; i Trondheim, Steinkjer og Oslo. Som ein del av arkitektpraksisen opererte han òg som byggmeister og i ein periode hadde han høvleri og snikkarverkstad i Steinkjer. Dei siste 20 åra av arbeidslivet var han tilsett som teiknar for forsvaret på Akershus festning.
Han skal ha blitt utdanna i Hannover, men er ikkje nemnt som student i protokollar frå den tekniske høgskulen. Somme av kyrkjebygga Mosling teikna kan tyde på lite skolering og fleire av teikningane gjekk gjennom omfattande korrektur av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan i samanheng med godkjenning på vegne av Kyrkjedepartementet.
Mosling var arkitekt for Meløy kyrkje - saman med Jacob Wilhelm Nordan -, Brønnøy kyrkje, Sakshaug kyrkje, Grong kyrkje, Heggstad kyrkje og Dyrøy kyrkje. Han teikna òg Levanger kyrkje, Namsos kyrkje, Skjerstad kyrkje og Lebesby kyrkje, alle fire er seinare brent ned.
I tillegg til kyrkjer, teikna han landstaden Solvold i Bodø, seinare riven, prestegard i Buksnes, ein telegrafstasjon i Rørvik og eit hus på Strinda.
Kjelder Norsk kunstnerleksikon, b. 2 : H-M, side 975-976, digital utgåve
Kategori:Norske arkitektar Kategori:Folk frå Trondheim