Luhman 16 (dessutan kjend som WISE J104915.57-531906.1) er eit binærsystem av to brune dvergar som ligg 6,5 ljosår unna jorda. Med det er det det tredje næraste stjernesystemet til jorda, det næraste som er oppdaga sidan 1916, då Barnardstjerna vart oppdaga.
Systemet vart oppdaga av Kevin Luhman på bilete tekne av Wide-field Infrared Survey Explorer-teleskopet (WISE), og oppdaginga vart kunngjord i 2013.
Kjelder The Closest Star System Found in a Century - pressemelding frå Penn State-universitetet
Kategori:Dobbeltstjerner Kategori:Brune dvergar