Rundhaug er ei bygd i Målselv kommune i Troms. Bygda har daglegvarebutikk, verkstad, skule, barnehage og hotell. Målselva renn forbi Rundhaug, som ligg ved vegkrysset mellom Fylkesveg 87 og Fylkesveg 854.

Under andre verdskrigen la den tyske okkupasjonsmakta ein leir for russerfangar i bygda. Desse fangane vart sett til å lage store holer, bunkersar i fjellet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rundhaug» frå , den 15. mai 2013. Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960

Kategori:Bygder i Troms Kategori:Busetnader i Målselv