mini|Svensk maiblomst frå 2007
Maiblomsten er ei lita, blomsterforma nål til å sette på jakkeslaget eller liknande. Maiblomsten oppsto i Sverige etter en idé av Beda Hallberg, og har vore seld i Sverige sidan 1907. Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) tok til med sal av Maiblomsten i Noreg i 1909, seinare vart han seld i samarbeid mellom N.K.S. og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Blomen blir også seld i Finland og Estland.
venstre|mini|Reklameplakat for maiblomsten 1915
Sal i Noreg Maiblomsten har alltid vore relativt billeg. På slutten av 1960-talet kosta han 50 øre. Seljarane fekk 10 % provisjon. I dag kostar han 5 kr.
Maiblomsten har tilført N.K.S. og Nasjonalforeningen relativt store inntekter. I perioden 1909-2009 skal det reine kronebeløpet (ikkje inflasjonsjustert) vere på om lag 150 millionar kroner. I dei første åra vart inntektene nytta i kampen mot tuberkulosen. Etter krigen gjekk inntektene til ulike tiltak for å attreise folkehelsa.
I dag går inntektene av salet til prioriterte satsingsområde for NKS, som til forsking på kvinnehelse og arbeid for barn og unge. Inntektene blir nytta både til nasjonale og lokale tiltak.
Bilmaiblome Bilmaiblomen er ein maiblome for bilar. Denne er om lag 10 cm stor og kan anten festast i frontrutespegelen eller på grillen frampå bilen. Dei har komme i to fargekombinasjonar; raud og blå, og gul og grøn.
Litteratur Til maiblomsten i 1915 vart eit dikt av M. B. Landstad trykt på rekameplakatane Til kamp mot tuberkulosen.
Herman Wildenvey har skrive eit hyllingsdikt til Beda Hallberg og Maiblomsten.
Kjelder Om Maiblomsten på NKS Årets maiblomster Maiblomsten på Riksarkivet
Denne artikkelen bygger på «Maiblomsten» frå , den 12. mai 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1907 Kategori:Blomar i kulturen Kategori:Sverige på 1900-talet Kategori:Noreg på 1900-talet Kategori:Innsamlingar Kategori:Helse