For noverande sesong, sjå: . 7. divisjon i fotball for herrar er det åttande nivået i det norske seriesystemet for norsk herrefotball. Divisjonen er frå 2011-sesongen den fjerde øvste ikkje-nasjonale i systemet, og det er dei forskjellige fotballkrinsane som avgjer kor mange avdelingar dei skal ha.
Avdelingar Følgjande krinsar har avdelingar i 7. divisjon i 2013. Akershus har éi avdeling, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Akershus. Buskerud har éi avdeling, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Buskerud, dette er lågaste nivå i Buskerud. Hordaland har fire avdelingar, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Hordaland. Dette er lågaste nivået i Hordaland. Oslo har tre avdelingar, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Buskerud. Telemark har tre avdelingar, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Telemark. Dette er det lågaste nivået i Telemark. Vestfold har éi avdeling, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Vestfold. Østfold har tre avdelingar, sjå 7. divisjon fotball for herrar i Østfold. Dette er det lågaste nivået i Østfold.