2005-sesongen var den 58. sesongen med seriefotball i Noreg.

Oversikt Eitt lag i Tippeligaen opna nytt stadionanlegg i denne sesongen: Aalesund flytta til Color Line Stadion 16. april. Dei opna med 2-1-siger over Odd Grenland.

Hendingar

Eliteserien 2. august – Otto Ulseth fekk sparken som trenar i Tromsø. Ulseths assistenttrenar Steinar Nilsen tok over. 4. september – John Obi Mikel kom attende til Noreg for å spele for Lyn igjen. 25. september – I «seriefinalen» mellom Start og vann Start 3-0 og tok over leiinga i Tippeligaen. 23. oktober – Arild Sundgot sette ny klubbrekord i talet på toppseriemål for Lillestrøm da han skåra i ein kamp mot Fredrikstad. 23. oktober – Bodø/Glimt vart klare for nedrykk til 1. divisjon etter å ha spelt 1-1 mot Start. 24. oktober – Tom Prahl tok over for Roy Hodgson som trenar i Viking etter sesongslutt. 29. oktober – sikra seriemeisterskapen etter å ha spelt 2-2 borte mot Odd. Dette var VIFs første seriegull sidan 1984. Start måtte nøye seg med sølv etter å ha tapt 3-1 mot Fredrikstad. Aalesund rykte ned, medan måtte spele kvalifisering. Fredrikstad-spelar Dagfinn Enerly braut nakken i ein kollisjon med lagkamerat Øyvind Hoås. 31. oktober – Ståle Solbakken forlét Ham-Kam, og tok over som trenar i FC København frå 1. januar 2006. Frode Grodås overtok som trenar, medan Lars Tjernås vart ny sportssjef.

1. divisjon 16. oktober – Stabæk rykte opp til Tippeligaen etter å ha slått Sandefjord 3-1. Alta rykte ned. 23. oktober – FK Tønsberg rykte ned i 2. divisjon. Det var òg klart at kampen mellom Moss og Sandefjord i siste serierunde vart ein rein opprykksfinale. 30. oktober – Sandefjord rykte opp til Tippeligaen etter å ha slått Moss 4-3. Moss kom på kvalifiseringsplassen, og spelte om Tippeligaplass mot Molde. Mandalskameratene og Skeid rykte ned til 2. divisjon.

Lågare divisjonar 8. oktober – Korsvoll, Start 2, Steigen og Åmot rykte opp til 2. divisjon. 15. oktober – Askøy rykte opp til 2. divisjon. 16. oktober – Tromsdalen sikra opprykk til 1. divisjon. KIL/Hemne rykte opp til 2. divisjon for herrar. 22. oktober – FK Haugesund, Oslo Øst og Sparta Sarpsborg rykte opp til 1. divisjon. Sparta Sarpsborg vann 15-0 over Fram Larvik i siste runde. 5. november – Kopervik og Stabæk 2 rykte opp til 2. divisjon. 6. november – Hammerfest rykte opp til 2. divisjon. 13. november – Ham-Kam 2 og Kristiansund rykte opp til 2. divisjon.

NM i fotball (cupen) 30. juni – Hønefoss stod for den store bomba i 4. runde i fotball-NM då dei slo Rosenborg 2-1 på Lerkendal. 21. september – vart klare for cupfinalen etter å ha slått 2-0 i semifinalen. 22. september – slo overraskingslaget Hønefoss 1-0 i semifinalen, og vart klare for finalen. 6. november – vart cupmeistrar etter å ha vunne 4-2 over etter ekstraomgangar i finalen. Dette var den andre cuptriumfen til Molde nokon gong. Det første kom i 1994.

Europacup 13. september – Rosenborg vann sin første bortekamp i Meisterligaen på seks år, mot Olympiakos. 29. september – Tromsø og Viking gjekk vidare til gruppespelet i UEFA-cupen etter å ha slått høvesvis Galatasaray og Austria Wien.

Kvinner 19. juni – Det norske kvinnelandslaget tapte 3-1 for Tyskland i finalen i fotball-EM. EM vart arrangert i England, og finalen vart spelt på Ewood Park i Blackburn. 27. august – Det norske kvinnelandslaget vann 4-1 over Ukraina på Åråsen stadion i VM-kvalifiseringa. 24. september – Det norske kvinnelandslaget vann 4-0 over Serbia og Montenegro i VM-kvalifiseringa. 1. oktober – Siste serierunde i 1. divisjon for kvinner. Arna-Bjørnar og Amazon Grimstad rykte opp til Toppserien. 15. oktober – Kolbotn vann Toppserien med to serierundar igjen. 29. oktober – Det norske kvinnelandslaget vann 1-0 over Italia i VM-kvalifiseringa etter en scoring av Lise Klavenes.

Herrelandslaget fortsette i kvalifiseringa til fotball-VM 2006, i gruppe 5, mot blant anna og .

DatoArenaMotstandarRes.*Konk.Norske målKr.22. januarKuwait stadion, Kuwait by1-1PRaymond KvisvikNFF25. januarNational stadion, Manama1-0PRaymond KvisvikNFF28. januarAmman stadion, Amman0-0P NFF9. februarNational Stadium, Valletta3-0PSigurd Rushfeldt (2), John Arne RiiseNFF30. marsStadionul Republican, Chișinău0-0VMK5NFF20. aprilA. Le Coq Arena, Tallinn2-1PFrode Johnsen, Daniel BraatenNFF24. maiUllevaal Stadion, Oslo1-0PFrode JohnsenNFF4. juniUllevaal Stadion, Oslo0-0VMK5NFF8. juniRåsunda stadion, Stockholm3-2P**Eddie Gustafsson (sm), Thorstein Helstad, Steffen IversenNFF17. augustUllevaal Stadion, Oslo0-2PNFF3. septemberArena Petrol, Celje3-2VMK5John Carew, Claus Lundekvam, Morten Gamst PedersenNFF7. septemberUllevaal Stadion, Oslo0-2VMK5NFF8. oktoberUllevaal Stadion, Oslo1-0VMK5Sigurd RushfeldtNFF12. oktoberDinamo Stadion, Minsk1-0VMK5Thorstein HelstadNFF12. novemberUllevaal Stadion, Oslo0-1VMKP16. novemberToyota stadion, Praha0-1VMKP * Noregs mål først ** Jubileumslandskamp i høve unionsoppløsningen mellom Noreg og Sverige.

Forklaring: Kr. = Kamprapport sm = Sjølvmål P = Privatlandskamp VMK5 = Kvalifisering til fotball-VM 2006, europeisk sone, gruppe 5 VMKP = Kvalifisering til fotball-VM 2006, europeisk sone, playoff

Individuelle milepålar 30. mars – Steffen Iversen spelte sin landskamp nummer 50. 7. september – John Carew spelte sin landskamp nummer 50. 12. oktober – Jan Gunnar Solli spelte sin landskamp nummer 25, og fekk gullklokka. 12. november – John Arne Riise spelte sin landskamp nummer 50.

Noregsmeisterskapen Herrar Sjå Noregsmeisterskapen i fotball for menn 2005 for alle resultat. Semifinalar: Lillestrøm – 2-0, Molde – Hønefoss 1-0 Finale: Lillestrøm – Molde 2-4 e.e.o.

Kvinner Semifinalar: Asker – Røa 4-0, Kolbotn – Team Strømmen 2-3 e.e.o. Finale: Asker – Team Strømmen 4-0 e.e.o.

Tabellane Menn Tippeligaen

1. divisjon

Kvinner Toppserien 1. divisjon SVUT+-P1 Arna-Bjørnar1817108910522 Amazon Grimstad1814136821433 Grand Bodø189544528324 FK Larvik1810264744325 Fortuna Ålesund187472929256 Medkila1862102442207 Fart184772639198 Bamble1877102548169 Byåsen1823133271910 Kaupanger18131420736

Overgangar 12. januar – Lars Blixt frå Rosenborg til Fredrikstad. januar – Petter Werni frå Lillestrøm til Aalesund. januar – Karl Oskar Fjørtoft frå Hammarby til Aalesund. januar – Thomas Pedersen til Aalesund. januar – Håvard Sakariassen frå Moss til Bodø/Glimt. januar – Ruben Imingen frå Fauske/Sprint til Bodø/Glimt. januar – Ronny Deila frå Odd Grenland til Viking. 22. mars – Øyvind Hoås frå Molde til Fredrikstad. 1. juli – Bjørn Helge Riise frå Standard Liège til Lillestrøm. 1. juli – Magne Hoseth frå FC København til . 1. juli – Tommy Svindal Larsen frå 1. FC Nürnberg til Odd Grenland. 1. juli – Knut Henry Haraldsen frå Westerlo til Ham-Kam. 1. juli – Øyvind Svenning frå GIF Sundsvall til Viking. 4. juli – Tore André Flo frå Siena til . 4. juli – Raymond Kvisvik frå Brann til Fredrikstad. 7. juli – Alejandro Lago frå Fènix til Rosenborg. 7. juli – Sebastián Eguren frå Montevideo Wanderers til Rosenborg. 12. juli – Bjarte Lunde Aarsheim frå Viking til Start. 12. juli – John Anders Bjørkøy frå til Fredrikstad. 15. juli – Markus Ringberg frå Fredrikstad til Ham-Kam. 20. juli – Erik Hoftun frå Rosenborg til Bodø/Glimt. 24. juli – Thomas Myhre frå Sunderland til Fredrikstad. 31. juli – Roy Miller frå Club Sport Cartagines til Bodø/Glimt. 31. juli – Randall Brenes frå Club Sport Cartagines til Bodø/Glimt. juli – Roger Risholt frå Fredrikstad til Aarhus. juli – Toni Nhleko frå Jomo Cosmos til Viking. 8. august – Thomas Myhre frå Fredrikstad til Charlton, gratis. 30. august – Allan Borgvardt frå Fimleikafélag Hafnarfjarðar til Viking. 1. september – Hannes Sigurdsson frå Viking til Stoke. – Kristoffer Paulsen Vatshaug frå Bodø/Glimt til Start. 1. november – Petter Vaagan Moen frå Ham-Kam til Brann, 10 mill. kr.. 1. november – Erik Holtan frå Odd Grenland til Moss. 14. november – Jarl André Storbæk frå Hamarkameratene til , ca. 5 mill. kr. 9. desember – Olivier Occean frå Odd Grenland til Lillestrøm, ca. 8 mill. kr. 9. desember   Espen Isaksen frå Stabæk til Odd Grenland. 9. desember   Erik Mjelde frå Løv-Ham til Sandefjord. 10. desember – Fredrik Winsnes frå Rosenborg til Aalborg.

NISO-kåring Det er spelarar, trenare og NISO-medlemmer som stemmer i Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjons kåring av årets lag og årets spelarar. Årets spelar, menn: John Carew. Årets spelar, eliteserien menn: Christian Grindheim. Årets profil, eliteserien menn: Kristofer Hæstad. Årets lag, menn: Arni Gautur Arason – Christoffer Andersson, Kjetil Wæhler, Bård Borgersen, Marius Johnsen – Alex Valencia, Christian Grindheim, Kristofer Hæstad – Morten Gamst Pedersen – Ole Martin Årst, John Carew. Årets spelar i 1. divisjon: Daniel Nannskog. Årets unge spelar, menn: Per Ciljan Skjelbred. Årets spelar, kvinner: Ingvild Stensland. Årets lag, kvinner: Christine Columbo Nilsen – Lena Ingelsrudøya, Marita Kaufmann, Ingvild Stensland, Ann Iren Mørkved – Solveig Gulbrandsen, Marie Knutsen, Hege Riise, Lene Storløkken – Tone Heimlund, Lene Espedal. Årets unge spelar, kvinner: Guro Knutsen.

Kjelder