Nord-Norgesmesterskapet i fotball vart arrangert i perioden 1929–1969. Meisterskapen, som var i regi av klubbane i Nordland, Troms og Finnmark, vart arrangert fordi klubbane verken fekk delta i Noregsmeisterskapen i fotball eller hadde høve til å kvalifisere seg til den øvste divisjonen.
Etter at dei nordnorske klubbane fekk delta i Norgescupen frå 1963 mista turneringa noko av interessa. Likevel vart ikkje nordnorske klubbar inviterte til å delta i seriespel i den øvste norske divisjonen før sesongen 1972. Først etter sesongen 1979 vart det like kvalifiseringreglar for nordnorske og sørnorske lag til den øvste divisjonen i Noreg.
Vinnarar 1929: Narvik/Nor 1930: Glimt (Bodø/Glimt) 1931: Tor (Tromsø IL) 1932: Harstad Idrettslag 1933: Glimt (Bodø/Glimt) 1934: Glimt (Bodø/Glimt) 1935: FK Mjølner 1936: IF Fløya 1937: Narvik/Nor 1938: Harstad Idrettslag 1939: Glimt (Bodø/Glimt) 1940–1945: Inga turnering pga. tysk okkupasjon 1946: FK Mjølner 1947: FK Mjølner 1948: FK Mjølner 1949: Tromsø Idrettslag 1950: Narvik/Nor 1951: FK Mjølner 1952: Bodø/Glimt 1953: Harstad Idrettslag 1954: Harstad Idrettslag 1955: Harstad Idrettslag 1956: Tromsø Idrettslag 1957: Harstad Idrettslag 1958: Harstad Idrettslag 1959: Narvik/Nor 1960: FK Mjølner 1961: FK Mjølner 1962: Harstad Idrettslag 1963: Bodø/Glimt 1964: Bodø/Glimt 1965: FK Mjølner 1966: FK Mjølner 1967: Bodø/Glimt 1968: Harstad Idrettslag 1969: Bodø/Glimt
Flest meisterskap 9: FK Mjølner (Obs: Mjølner har 9 meisterskap medan Narvik/Nor har 4. Klubbane vart slått saman i 1997 og har til saman 13 meisterskap) 9: FK Bodø/Glimt 9: Harstad Idrettslag 4: Narvik/Nor 3: Tromsø Idrettslag 1: IF Fløya
Sjå òg Den norske eliteserien i fotball Maratontabell for eliteserien i fotball NM i fotball for herrar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nord-Norgesmesterskap i fotball» frå , den 9. mai 2013.
Bakgrunnsstoff The Rec.Sport.Soccer Statistics Foundation: Northern Norway cup finals (1929–1969)
Kategori:Fotballturneringar i Noreg Kategori:Nedleggingar i 1969 Kategori:Nord-Noreg Kategori:Skipingar i 1929