Podiceps er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er dukkarslekta med fleste medlemmer og med dei største dukkarane i «den gamle verda». Representantar hekkar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei fleste artar på den nordlege halvkula trekker til kysten eller til varmare klima om vinteren.

Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heilt bakpå kroppen. Vanlegvis legg dei to egg i kullet, og dei stripa ungane blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.

Alle i slekta er gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn.

Vaksne har ei iaugefallande fjørdrakt, og kjønna er like. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus i grått og kvitt.

Artslista Nolevande artar i Podiceps i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Spydnebbdukkar, Podiceps major, Great Grebe, (Boddaert, 1783), (LC) Gråstrupedukkar, Podiceps grisegena, Red-necked Grebe, (Boddaert, 1783), (LC) Toppdukkar, Podiceps cristatus, Great Crested Grebe, (Linnaeus, 1758), (LC) Horndukkar, Podiceps auritus, Horned Grebe, (Linnaeus, 1758), (VU) Svarthalsdukkar, Podiceps nigricollis, Black-necked Grebe, Brehm, CL, 1831, (LC) Sølvdukkar, Podiceps occipitalis, Silvery Grebe, Garnot, 1826, (LC) Junindukkar, Podiceps taczanowskii, Junin Grebe, Berlepsch & Stolzmann, 1894, (EN) Tiaradukkar, Podiceps gallardoi, Hooded Grebe, Rumboll, 1974, (CR)

Utrydda artar Colombiadukkar, Podiceps andinus (Meyer de Schauensee, 1959), utrydda per 1977, levde i våtmarksområde nær Bogotá.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Podiceps» frå , den 8. mai 2013. Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:dukkarfamilien Kategori:Fugleslekter