Gray Nunatak er ein nunatak som ligg 1,5 nautiske mil vest for Arctowski Nunatak i Seal Nunataks, utanfor austkysten av Den antarktiske halvøya. Han vart først kartlagd av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld i løpet av ein sledetur i 1902, og vart namngjeven av han, truleg etter kaptein David Gray, ein kvanfangstskipper frå Peterhead i Skottland. Gray hadde planlagd ein ekspedisjon til Weddellhavet i 1891, men måtte skrinlegge planane på grunn av manglande økonomisk støtte.

Kjelder

Kategori:Nunatakar i Graham Land Kategori:Oscar II Coast