Jean Bernard Léon Foucault () var ein fransk fysikar som særleg er kjent for dei målingane han i samarbeid med Fizeau gjorde av lysfarten og om skilnaden mellom lysfarten i vatn og i luft. Lysfarten i vatn er 3/4 av lysfarten i luft og i vakuum. Foucault utførte det kjende pendelforsøket, som direkte viser at jorda dreier seg om sin polakse. I 1852 konstruerte han eit gyroskop.

Foucaults pendelforsøk

Vincenzo Viviani (1622–1703) gjorde i 1661 nokre laboratorieforsøk med pendel, som lét seg forklare ved å tenkje seg at jorda roterer. I 1851 gjorde Foucault det same forsøket med ei stor kule i ein 67 m lang metalltråd hengt opp i toppen av kuppelen i Pantheon i Paris, ein såkalla foucaultpendel.

Svingeplanet til pendelen sin dreiar seg langsamt i same retning som rørsla til sola og stjernene. Om ein tenkjer seg pendelen hengt opp over ein av polane til jorda, ville pendelsvingningene gå i eit plan som ligg fast i tilhøve til stjernene, medan Jorda roterer under, ei hel omdreiing på 24 timar. Pendelen ville i tilhøve til jorda dreie seg 15° i timen. Stadig lenger vekk frå polane vil dreiinga minke og bli null ved ekvator.

Den store tilstrøyminga til Pantheon og den publisiteten eksperiment til Foucault fekk, gjorde at namnet hans vart knytt til det.

Kjelder Jean Bernard Léon Foucault. (28.02.2013) I Store norske leksikon.

Kategori:Franske fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Copleymedaljen Kategori:Døde av multippel sklerose Kategori:Æreslegionen Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Fysikarar på 1800-talet