Heinrich Gustav Magnus () var ein tysk fysikar. Han var kjent for arbeid om varmestråling og for oppdaginga av Magnus-effekten (1851): Ein roterande sylinder i ein luftstraum blir utsett for ei kraft som står vinkelrett på luftstraumen og på rotasjonsaksen til sylinderen. Magnus berekna effekten for roterande prosjektil. Han vart seinare nytta i rotorskipet til Anton Flettner. Uavhengig av Magnus oppdaga òg Carl Anton Bjerknes denne effekten.
Han var professor i fysikk ved universitetet i Berlin.
Kjelder Heinrich Gustav Magnus. (28.02.2013) I Store norske leksikon.
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske kjemikarar Kategori:Tyske jødar Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Folk frå Berlin Kategori:Folk frå Markgrevskapet Brandenburg Kategori:Medlemmar av Royal Society