Henry Mesa er ein særeigen kileforma mesa som er 2 nautiske mil brei og som ligg 4 nautiske mil sør for Mulockbreen på vestsida av Heapbreen i Antarktis. Den isdekte toppen ligg 1430 moh og er flat utanom ein botn på nordsida. Mesaen vart kartlagd av United States Geological Survey frå tellurometermålingar og flyfoto tekne av marinen i 1959–63. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter kaptein B.R. Henry i U.S. Coast Guard, som var kaptein på «Eastwind» i løpet av U.S. Navy Operasjon Deep Freeze 1964.
Kjelder
Kategori:Mesaer i Antarktis Kategori:Fjell i Oates Land