Stillwell Hills er ei gruppe stort sett snøfrie og klipperike åsar i Kemp Land i Antarktis. Dei består av gneis og som omfattar Kemp Peak og Lealand Bluff langs sørvestsida av William Scoresby Bay. Området vart utforska av mannskapet på RRS «William Scoresby» under Discovery Investigations i februar 1936, og av Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37. Nordmennene tok flyfoto som dei nytta til å kartlegge desse åsane for første gong. Australian National Antarctic Research Expedition(ANARE) gjorde geologiske undersøkingar av området i 1961. Han vart namngjeve av ANCA etter dr. Frank Leslie Stillwell, ein geolog i Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (AAE), 1911-14, som utvikla ein teori om korleis dei stripete gneisformasjonane av same type hadde oppstått på George V Coast.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stillwell Hills» frå , den 29. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Oasar i Antarktis Kategori:Åsar i Kemp Land