Goodman Hills er ei gruppe kyståsar i Antarktis, som strekkjer seg over kring 10 nautiske mil, og som ligg rett sør for Cape Kinsey og mellom Paternostrobreen og Tomilinbreen. Dei vart kartlagde av US Geological Survey frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1960–63, og vart kalla opp etter offiser Kelsey B. Goodman i US Navy i staben til Naval Support Force Antarctica, 1969–72. Han var sidan assistent for polaravdelinga til Forsvarsdepartementet i USA, 1972–74 og medlem av Advisory Committee on Antarctic Names i U.S. Board on Geographic Names, 1973–76.
Kjelder
Kategori:Åsar i Oates Land