Sven Oluf Cleve August Sørensen () var ein norsk fysikar og son av målaren Henrik Sørensen.

Han tok Cand.real. i 1947, dr.philos. i 1952 og vart professor i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo i 1961. Det vitskaplege arbeidet til Sørensen har vore konsentrert om studiet av elementærpartiklar og reaksjonane deira ved hjelp av fotografiske emulsjonar og boblekammerbilete. Arbeidet har for ein stor del vore samarbeidsprosjekt med internasjonale forskingsgrupper, særleg i tilknyting til CERN i Genève.

Sørensen har òg, for å ta vare på kunstverka til faren sin og gjere dei tilgjengelege for publikum, reist Holmsbu Billedgalleri i 1973 og Vinje Biletgalleri i 1991. Han gav ut Søren: Henrik Sørensens liv og kunst i 2003.

Kjelder Sven Oluf Sørensen. (27.02.2013) I Store norske leksikon.

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske biografar Kategori:Folk frå Paris Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Folk tilknytte CERN