Quartz Hills er ei bogeforma gruppe hovudsakleg isfrie åsar og toppar som ligg like sør for Coloradobreen langs vestsida av Reedybreen. Dei vart kartlagde av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Namnet vart foreslått av John H. Mercer, ein geolog i US Antarctic Research Program (USARP) i desse åsane i 1964-65, fordi det var avsett mykje rosekvarts i desse åsane.

Kjelder

Kategori:Åsar i Marie Byrd Land