Russet Hills er ei rekkje åsar som går 3,5 nautiske mil (6 km) aust-vest og dannar den sørlege ryggen av Gallipoli Heights i Freyberg Mountains. Dei vart namngjevne av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) etter forslag frå P.J. Oliver, ein geolog i New Zealand Antarctic Research Program (NZARP) som studerte åsane i 1981-82. Det skildrande namnet kjem frå den raudfarga ignimbritt-steinen i åsane. Russet er engelsk for raudbrun.
Kjelder
Kategori:Åsar i Victoria Land Kategori:Pennell Coast