Øyvind Sørensen () var ein norsk teiknar. Han blir rekna av fleire som Noregs første avisteiknar.
Sørensen var tilsett i Aftenposten 1909–1914 og 1918–1962, og i VG 1914–1918. Han vart særleg kjend for sine treffsikre portrett, mellom anna i Aftenpostens A-magasinet. Han teikna òg i vekebladet Urd, i vittigheitspressa og i andre vekeblad og julehefte. Han illustrerte over 60 bøker, m.a. Henrik Haugstøl sine bøker om det gamle Christiania. Den mest kjende av illustrasjonane hans er dei til Trangviksposten (4.–7. samling), som han vart knytt til i 1914. Dessutan deltok han på ei rekke utstillingar med frittståande arbeid, og er representert i Nasjonalgalleriet.
Litteratur Nilsen, Harald. Forsøk på et portrett av Øyvind Sørensen : Fragmenter av en avistegners liv (Oslo, 1963). 39 s. Særtrykk av Aftenposten.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Øyvind Sørensen» frå , den 8. mai 2013.
Bakgrunnsstoff Bilete av Øyvind Sørensen, Oslo Museum
Kategori:Norske avisteiknarar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Folk frå Fredrikstad