Otto Robert Frisch () var ein austerriksk-britisk fysikar. I samarbeid med Rudolf Peierls utforma han den første teoretiske mekanismen for å detonere ei atombombe i 1940.
Frisch foreslo i 1938 saman med Otto Hahn nemninga fisjon på kjernespalting.
I 1930-åra studerte han i København, England og USA, og var under andre verdskrigen i England, og seinare i USA. Frå 1947 til 1971 var han professor ved University of Cambridge. I 1940 skreiv han saman med Rudolf Pierls eit skriv om høvet for å lage ei superbombe basert på kjedereaksjon i uran, og dei konkluderte med at dette var mogleg. Frå 1943 deltok han i Manhattan-prosjektet i Los Alamos med bygging av atombomba.
Han har mellom anna skrive Meet the Atoms (1947) og The Nature of Matter (1970).
Kjelder Otto Robert Frisch. (28.02.2013) I Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff Annotated bibliography for Otto Frisch from the Alsos Digital Library for Nuclear Issues Oral History interview transcript with Otto Robert Frisch 8 May 1963, American Institute of Physics, Niels Bohr Library and Archives Oral History interview transcript with Otto Robert Frisch 3 May 1967, American Institute of Physics, Niels Bohr Library and Archives
Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Austerrikske fysikarar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Wien Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Jødiske fysikarar Kategori:Britiske jødar Kategori:Austerrikske jødar Kategori:Britiske kjernefysikarar Kategori:Atomvåpenprogrammet til Storbritannia Kategori:Jødiske flyktningar Kategori:Austerrikske flyktningar