Erik Eriksen Pontoppidan () var ein dansk biskop og forfattar. Han vert ofte kalla Erik Pontoppidan den eldre for å skilja han frå Erik Ludvigsen Pontoppidan (den yngre).
Pontoppidan vart prest i Kjøge 1665 og han vart utnemnd til biskop i Trondhjem 1673, eit embete han hadde til han døydde.
Blant bøkene han skreiv er Grammatica danica (1668), den første trykte danske grammatikken. Han kom allereie då med framlegg til dansk rettskrivning. Gjennom omsetjinga av Luthers vesle katekisme til samisk gjorde Pontoppidan det første forsøket på å bruke samisk som skriftspråk.
Bakgrunnsstoff Dansk biografisk leksikon
Kategori:Danske biskopar Kategori:Tidlegare biskopar i den norske kyrkja Kategori:Danske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Faaborg-Midtfyn