Sinemorets Hill (Halm Sinemorets) er den nest mest markante åsen (etter Hesperides Hill) i ei åsrekkje oppom Bulgarian Beach aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.
mini|venstre|Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands.
Sinemorets Hill er 380 m lang frå aust til vest og 230 m brei, med to toppar. Den sørvestlege er 64 moh og den nordaustlege 62 moh, med eit lite tjern mellom dei. Han er snøfri om sommaren og ligg oppom den bulgarsk basen i sørvest. Restar av ein gammal leir på austsida var framleis synleg i 1996.
Sinemorets er namnet på ein landsby og eit nes ved kysten av Svartehavet. Åsen vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1994 etter ønske frå den andre bulgarske antarktisekpsedisjonen (1993/94).
Åsen ligg 820 m aust-nordaust for Hespérides Point, 220 moh innover frå Greenpeace Rock, 1,2 km nordvest for Krum Rock og 970 m nord-nordaust for Atlantic Club Ridge. Det vart kartlagd i detalj av spanske Servicio Geográfico del Ejército i 1991.
Kjelder
SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Kategori:Åsar på Livingston Island