Pampero Pass er eit snøpass på kring 750 moh, som går frå nord til sør mellom Mount Edgell og Mistral Ridge nordvest i Palmer Land. Fjellpasset gjer det mogeleg å nytte slede mellom Wordieisen og Eurekabreen. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i samband med at stader i nærleiken er kalla opp etter vindar. Pampero er ein vind som bles frå dei sørlege Andesfjella til Atlanterhavet.

Kjelder

Kategori:Fjellovergangar i Palmer Land