Roberts Massif er eit merkverdig, snøfritt fjellmassiv ved toppen av Shackletonbreen. Det har ei høgd på over 2700 m og dekkjer eit område på 160 km². Det vart vitja av den sørlege geolog-gruppa frå New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1961–62), som namngav det etter A.R. Roberts, leiar ved Scott-basen for sommaren 1961-62.

Kjelder

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Dufek Coast