Marita Moltu () er ein norsk politikar for Partiet De Kristne og tidlegare Kristeleg Folkeparti. Frå 31. oktober 2011 var ho kommunalråd i Bergen kommune, nestleiar for oppvekstkomiteen i bystyret og gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti si bystyregruppe. Frå 2. oktober 2015 var ho varaordførar i Bergen kommune.Varaordføreren - bergen.kommune 3. november 2014
Ho var 1. vara for KrF til Bergen bystyre frå 29. oktober 2007 til 1. oktober 2009. Frå 1. oktober 2009 til 31. oktober 2011 møtte ho fast i bystyret og sat i bystyret sin komité for helse og sosial. I mars 2018 melde Moltu seg ut av KrF,Paret som sender sjokkbølger inn i KrF. - Derfor meldte vi oss ut av partiet. - VG 6. mars 2018 og i august inn i Partiet De Kristne.Forlater KrF for De Kristne - Bergens Tidende 9. august 2018
Yrkesbakgrunnen sin har Marita Moltu frå StatoilHydro.
Marita Moltu er gift med Tomas Martin Moltu, tidlegare byråd for barnehage og skule i Bergen, som også har vore aktiv i KrF.
Kjelder
Kategori:Lokalpolitikarar i Bergen Kategori:Politikarar frå Partiet Dei Kristne Kategori:KrF-politikarar i Hordaland