mini|Maya-byggverka som Strømsvik restaurerte i Copán. Gustav Strømsvik () var ein norsk arkeolog som er kjend for å ha leia utgravingar og arbeidet med å restaurera mayamonument i Copán i Honduras Veka, C., Ukjent nordmann ble arkeologisk helt i Mellom-Amerika, NRK.no, 10/4-2013,

Strømsvik var fødd i Tjongsfjorden i Nordland og reiste til sjøs som 17-åring. Etter nokre år som fyrbøtar hoppa han over bord og sumde i land i Mexico. Han vart då illegal innvandrar i Mexico og enda opp i Chicén Itzá, der han fekk arbeid. Etter å ha konstruert fleire maskinar som letta arbeidet fekk han jobb med å leia utgravingane og restaureringa av mayaruinane i Copán i Honduras . Strømsvik studerte arkeologi og arbeidet hans førte til auka forståing av mayakulturen.Gustav Stromsvik - publikasjoner , www.hf.ntnu.no

Under 2. verdskrig tenestegjorde han som sjømann og var med under invasjonen i Normandie. Etter krigen reiste han attende til Copán. Strømsvik var sjølvlært innan arkeologi og hadde inga formell utdanning. Dette førte til at han vart pressa ut av arbeidet av akademikarar frå USA og i 1948 forlet han Copán og reiste attende til Tjongsfjorden, der han budde resten av livet.

Referansar

Kategori:Norske arkeologar Kategori:Folk frå Rødøy