Phallus Dei er debutalbumet til det tyske bandet Amon Düül II. Den latinske tittelen tyder «Guds penis».

Albumet kom til då kollektivet Amon Düül i München delte seg. Musikken på albumet består av lag på lag med gitarar, abstrakt perkusjon og messe-liknande song. Det vert ofte omtalt (i lag med Can-albumet Monster Movie) som det første krautrock-albumet.

Det vart først gjeve ut på CD i 1988 av Mantra, der songane var lista i feil rekkefølgje på omslaget, men rett på sjølve plata. Det vart gjeve ut på ny i 2001 og vart med ny digital lyd på Eroc, og med to bonusspor: «Freak Out Requiem (Parts I-IV)» og «Cymbals in the End», begge spelt inn på same tid som det originale albumet.

I 2006 gav det tyske selskapet Revisited Records ut albumet med to andre bonusspor, «TouchMaPhal» (10:17) og «I Want The Sun to Shine» (10:32), men desse to vart spelte inn 15 år etter albumet først kom ut.

Innhald

Medverkande Shrat – bongo, vokal, fiolin Peter Leopold – Trommer Holger Trülzsch – Tyrkiske trommer Dieter Serfas – trommer, elektrisk cymbalar John Weinzierl – gitar, 12-strengsgitar, bass Falk Rogner – Orgel Christian Borchard – vibrafon Chris Karrer – fiolin, gitar, 12-strengsgitar, sopransaksofon, vokal Renate Knaup – vokal, tamburin Dave Anderson – bass på «Luzifers Ghilom»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Phallus Dei» frå , den 10. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Amon Düül II-album Kategori:Tyskspråklege album